Vente, blinke er ein roman med fleire historier. Vi møter den unge og noko forknytte litteraturstudenten Sigrid og hennar skjelsettande møte med forfattaren Kåre, filmregissøren Linnea som skal på locationjakt i København, performancekunstnaren Trine som slit med mjølkespreng, og ikkje minst Viggo, nok ein litteraturstudent, som lengtar inderleg etter å høyre saman med nokon eller noko. Fiskehandlardattera Elida, filmprodusenten Robert og litteraturprofessoren Göran spelar også sine roller i denne bunten av skjelvande og tidvis desperate karakterar. ” Vente, blinke” er både humoristisk og djuptloddande. Dette er ein roman om drift og draumar, kvinner og menn, om kjærleik og om kva det vil seie å våge å vere seg sjølv. Brageprisnominert 2008.
Vente, blinke
299,-
Innleser: | Arnhild Litlerè |
Kategori: | Romaner |
Sjanger: | Skjønnlitteratur |
Forlag: | Lydbokforlaget |
Målform: | Nynorsk |
Spilletid: | 08:08:03 |
Utgivelseår: | 2009 |
ISBN Lydfil: | 9788242140050 |