Den handlar om tilhøvet mellom Ragnhild og mannen Håkon. Håkon er på mange vis ein tapar som blir krenkt av motgangen i livet, men han godtek med tida si eiga rolle.
Han får etter kvart ei større forståing av Ragnhilds offer. Dei to finn fram til kvarandre att og byrjar eit nytt liv – lengst nede på samfunnsstigen. “Ragnhild-trilogien” er eit hovudverk i Olav Duuns dikting – eit storfelt verk om det innfløkte tilhøvet mellom godt og vondt i menneskelivet.
Tredje og siste bok i Ragnhild-trilogien.