For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas, som første norske forfattar, Nordisk Råds Litteraturpris i 1963. Boka er seinare filmatisert og omsett til ei rekkje språk. Lydboka blir formidla av telemarkingen Liv Bernhoft-Osa. Ho har eit nært forhold til historia og til språket – noko som gjer dette til ei gripande lytteoppleving.
Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn.
Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.
Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta.