Med «Innsirkling 3» er eit storverk i norsk litteratur fullført. Nominert til Bokhandlerprisen 2014!
Marius skal gifte seg med Julie, men set alt på spel. Han sender eit brev til David, som har mista hukommelsen, der han avslører ei hending som har fått store konsekvensar for dei begge. Davids ekskjærast Susanne kjenner seg svikta av David, og tar eit oppgjer med han og si eiga fortid i brevs form. I denne boka møter vi også David sjølv, nokre sommardagar i 2006 og på kontoret til psykiateren han går til.
I tre bøker har Carl Frode Tiller sirkla inn ein mann som ikkje veit kven han er, og dei som har skrive til han. Gjennom ei rekke røntgenblikk på det psykologiske spelet mellom menneske, på ulike tiår og miljø, har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst eventyr om det moderne Norge. Den siste brikka gir ikkje berre svaret – den vil også snu opp ned på alt du trudde du visste om David.
Terningkast 6: «Den beste norske romantrilogien på 60 år er endelig fullbrakt.»
Stein Roll, Adresseavisen
Terningkast 5: «Carl Frode Tillers «Innsirkling»-trilogi vil uten tvil bli stående som en av de mest presise tidsskildringene av den norske virkeligheten de siste 20 årene.»
Sindre Hovdenakk, VG
«Bokhøsten er såvidt i gang, men denne romanen peker seg ut som en av årets beste norske.»
Susanne Hedemann Hiorth, Dagens Næringsliv
«Når Carl Frode Tiller nå avslutter ‘Innsirkling’-trilogien, gjør han det på en måte som bekrefter hans posisjon som norsk skjønnlitteraturs fremste menneskekjenner. Tillers blikk for alt det ubehagelige og vonde som oppstår mellom oss, er røntgenpresist.»
Eskil Skjeldal, Vårt Land
«Carl Frode Tiller leverer ein imponerande mangfaldig analyse av maktspel og identitetsdanning i vår tid og stadfestar posisjonen som ein av våre fremste forfattarar.»
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid
Høyr alle lydbøkene i den prisvinnande Innsirkling-trilogien:
– Innsirkling
– Innsirkling 2
– Innsirkling 3