I «Kva hender i romanen?» oppsøker Ingrid Z. Aanestad ulike skrivestader som ein måte å reflektera over eigen og andre sin litteratur på. Aanestad skriv om tilbliinga av eigne romanar, om Cora Sandels «Alberte og friheten» og Sei Shõnagons «Puteboka», om å samla ord og bilete i ei laus mappe, om venting, tid og forteljing, og om den uavbrotne jakta på eit «no».