Hugsar du Bibelen? Endeleg er oppfølgjaren her!
"Bibelen 2" gir deg historia om det som skjedde i dagane, vekene og månadane etter at Jesus kom tilbake til Scandic Hotel Triaden på Lørenskog ein regntung februardag på 200-talet, fortald av dei som møtte han, dei som påstår dei møtte han, dei som intervjua han og dei som arbeidde som medierådgivarane hans.
På lydbokutgåva av "Bibelen 2" får du også endeleg vite kva dialekt Jesus snakkar. Du får dessutan høyre originalmusikk av Jesu eige pønkeband – Tollarar & Syndarar.
""Bibelen 2" blir neppe en like stor lesersuksess som forgjengeren, men se ikke bort fra at den blir en GOD nummer to."
Leif Ekle, NRK